Agenda årsmøte 19mars 2025

Postet av Idrettslaget Modig den 19. Mar 2025

Årsmøte i IL Modig 19. mars 2025

Klubbhuset kl. 18.00

 

Agenda

Sak 1 Godkjenniing av dei som har stemmerett

Sak 2 Godkjenning av innkallinga, saklista og møtereglane

Sak 3 Val av dirigent, referent, og to medlemar til å skrive under protokollen

Sak 4 Årsmeldinga for 2024, inklusive årsmeldingar frå gruppene

            Sakspapir: Årsmelding for 2024 er lagt ut på nettsida vår. Vert delvis lest opp.

 

Sak 5 Rekneskapen for 2024

Sakspapir: vert gjennomgått. 

 

Sak 6 Innkomne saker:

6 a) Sak frå styret: Skihytta i Skard. Reparasjon av tak, kjøkken

 

6 b) Sak frå styret: Gynmsalgolv
 
 6c) Sak frå styret. Låse sum i høgrentekonto. 6mnd, 12mnd, 24mnd.

Sak 7 Medlemskontingent og treningsavgift for ulike aktivitetar

Kontingent 2026:

Framlegg frå styret: 

Hovudmedlem: kr. 335 (auke med 10kr)

Støttemedlem: kr. 160 (uendra)

Born: kr. 150 (uendra)

Familie: kr. 670 (auke med 20kr)

            

Treningsavgifter: Styret sitt framlegg: 

  • Treningstilbod for barn skal ikkje koste anna enn at det vert betalt medlemskap for barnet.
  • Prisen for nøkkelkort til trimrommet er kr. 350 (uendra),- for medlem og kr. 1000,- for ikkje medlem.
  • Utover dette er gruppene frie til å setje fast treningsavgift etter fylgjande prinsipp:
    1. Det kan takast treningsavgift for treningsformar med høgt utstyrskrav eller som elles gjev kostnadar for idrettslaget. Det skal være to prisar, ein for medlem og ein for ikkje medlem. Prisen for ikkje-medlem skal være slik at det vil lønne seg å være medlem.

  

Sak 8 Budsjett

Framlegg frå styret: Styret lagar budsjett utifrå vedtaka i sak 7. samt inkomne ønskjer frå dei ulike gruppene i etterkant av årsmøte. 

 

 

 

Sak 9. Val

  1. Leiar og nestleiar
  2. Styremedlemmar, (5 medlemmar), 2 er på val, og varamedlem (2 stk) 1 er på val 
  3. Val av kontrollutval, 2 medlemmar og 1 vara
  4. Val av gruppestyrer og andre funksjonar jfr. organisasjonsplanen
    1. Trimgruppa
    2. Friidrettsgruppa
    3. Spinninggruppa
    4. Ski- og skøytegruppa
    5. Vektløftargruppa
    6. Idrettskulegruppa
    7. Kultur- og marknadsnemd
    8. Tilsynsnemnd skihytta og Jashaugbu
    9. Tilsynsnemnd klubbhus og bane
    10. Utdanningskontakt
       
       
  5. To revisorar 
  6. Representant til Vik idrettsråd 
  7. Valkomité (leiar, to medlemar og eitt varamedlem) 1 medlem og vara på val

 

Merknad til valet: Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemane skal veljast samla. Deretter skal varamedlemane veljast samla, og ved skriftleg val vert rekkjefølgja avgjort i høve til stemmetala.

 

 

 

 

12.03.2025

Styret


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.