Dametrim
Det er damertrim i gymsalen kvar onsdag 19:00-20:00. Variert opplegg med alt frå step, styrke og HIIT til vaksenturn. Her er alle damer velkomne!

Instruktøra for trimmen er: Marita Solbjørg Vangsnes Sirevaag, Liv Hatleli, Heidrun Hauglum og Marie Stensholt


Trimkassar
IL Modig har 14 trimkassar plassert rundt om i nærområdet og fjella rundt Fresvik. Her kan du skrive namnet ditt kvar gong du besøker kassane. Premiering om du registera deg 14 gonger i løpet av eit år. 

Kassane finn du på: Holten, Mulakamben, Middagshaugen, Oddmundhytta (barnekasse), Trollsgjelholten, Legdaskard, Snauasete, Storaleite, Huldafossen, Tundalen, Gryteskarven, Heljedalen, Jordalskard og mot Jordalskard (barnekasse) 


Distansekort
Kvart år kan ein ta distansekort. Meir info? 


Sykkeltrim
IL Modig har 2 kassar ein kan sykle til for å samle poeng. Premiering ved 10 poeng i løpet av eitår. 

Kassane finn du på: Stølen og ved Fresvik tunnelen. 



Romjulsmarsj
Trimgruppa arrangera romjulsmarsj 2. juledag kvart år. Start ved ungdomshuset og opp til Bruavoll, der serverast gløgg og peparkaker. 


Styret trimgruppa:
Heidrun Hauglum (Leiar)
Anne Marie Bøtun Øyri
Bente Settevik
Anita Høydal