IL Modig sitt trimrom finn du på Fresvik Enspire Skule, inngang på nordvest-sida.

Treningsrommet består av to rom, med variert utstyr. Frivekter, kettlebells, benk, matter, slynge, tredemølle, sykkel og romaskin. 

Ein låser seg inn ved hjelp av personleg nøkkelkort. Per idag er treningsrommet tilgjengeleg heile døgnet. 

Toalett og garderobe

Pr idag er det ikkje tilgang på toalett eller garderobe. Men me jobbar med å få på plass tilgang til gymsal, toalett og garderobe-fasilitetar. Forhåpentlegvis er det mogleg å få dette til i løpet av 2023. 



Pris
350kr for medlemmar av IL Modig, og 1000kr for ikkje-medlemmar.  Dersom du mister kortet ditt, kostar det 200kr å få eit nytt kort. 

Kjøp av kort

Dersom du ønskjer tilgang til treningsrommet, kan du kontakte Dag Einar Bøtun på tlf 97647136. Me treng navn, epost og fødselsdato. 

Varigheit

Kortet gir deg tilgang til treningsrommet i eitt kalendarår av gangen, uavhengig av når du bestiller kortet. Faktura for bruk av treningsrommet blir sendt ut i mars månad saman med faktura for medlemskap i Modig. 

Reglar

Me forventar at alle behandlar utstyret fint. Det er ikkje lov å nytte utesko inne. Dersom noko blir øydelagt, skal dette meldast frå til Ole Håkon Tokvam på 91775076. Legg utstyr tilbake på plass, og forlat rommet slik det var når du kom. Rommet blir reingjort to gonger pr veke, men me forventar at brukarane er flinke til å nytte seg av desifiseringsflaskene og søppelkassa. Kortet er personleg, og kan ikkje lånast vekk til andre.



Image of a woman taking a photo.